Håkon Thelin. Double Bass composer    
Kommende konserter
Mer info om konserter
Konsertanmeldelse fra Østlandsposten, mars 2006
Farsunds Avis skriver forhåndsomtale av konsert i Farsund, mars 2006

Anmeldelser av [hi:m]:

Dagens Næringsliv
Stavanger Aftenblad


Rett på sak: Dette er ei av dei mest særprega platene eg har høyrt på lange tider. Dei fleste lesarane av Spelemannsbladet vil sannsynlighvis meine at plata stilistik fell utanom den musikken bladet har som oppgåve å dekka, men likevel: Dette er ei plata også folkemusikkentusiastar og slike som ikkje er Haugesundspatriotar (for dette er ei plate utelukkande samansett av ”Haugesundssongar”) kan ha stort utbytte av å høyre på. Fordi:

 

 


1) Margrethe Førre er ein unik vokalist på den måten at ho syng fullstendig naturleg, men med ein imponerande kontroll. Intonasjon, timing, og tekstformidling ligg på et svært høgt, uansett sjanger. Stilistisk kan ho lettast karakteriserast som visesongar med sterke impulsar frå sentraleuropeisk kabarét-tradisjon, med den dramatikken som fylgjer med, på godt og vondt.

 

2) Medmusikarane, med saksofonist, arrangør og produsent Rolf Erik Nystrøm i spissen, er teknisk briljante, men ikkje påtrengande virtuose. I staden for å verta imponert (ellere irritert) over kor flinke dei er, gler ein seg over at dei maktar å skape noko så til dei grader forfriskande, og samstundes rørande, av eit tekstleg og melodisk materiale, som ber preg av å nyleg ha vorte bore ned frå det musikalske mørkeloftet.

 

3) Audun Strype sitt lydbilete framhever tekstane, melodiane og musiseringa. Plata er tatt opp i det – akustisk sett – tørre Nordmarkskapellet i Oslo, og dete er ikkje pøst på med kompenserande digital romklang i etterkant. Lyden er knusktørr og musikken er nær, i aller beste forstand!

 

4) I tillegg til Førre og Nystrøm medverkar ei rekke musikarar med bakgrunn frå alt frå fri-jazz via samtidsmusikk til folkemusikk. Frode Haltli (akkordeon), Håkon Thelin (kontrabass), Knut Aalefjær (trommer) og Nils Økland (ymse strykeinstrument) set alle sine særlege merke på produksjonen. Det førekjem m.a. lange mellomspel som aldri ville ha vore akseptert på ordinære viseplater (ingen av spora ere kortare 5 minutt!).

 

5) Tekstane er i hovudsak såkalla ”Haugesundsviser”, og plata er, i fylgje omslaget, ”en hyllest til Haugesund by som i 2004 feiret 150 års-jubileum”. Likevel: Gløym alt som har med sneversynt og halvfascistisk lokalpatriotisme å gjera. Dette er noko heilt anna. Om Førre syng desse songane som ei ærleg meint hylling til Haugesund eller om det er djup ironi er ikkje vesentleg. Verknaden er sterk, og dete er i denne samanhengen viktigare.

 

 
Konklusjon: Denne plata liknar ikkje på noko anna eg har høyrt. Ellere omvendt: Ho liknar utelukkande på ting eg har høyrt før, frå lokal-patriotiske revyviser til frijazz, men alt er gjort på uforlikeleg vis, og difor har eg vorte gripen på ein måte eg sjeldan opplever.

 

-Sigbjørn Apeland, Spelemannsbladet nr. 3 2006

[tilbake til forsiden]

 

 

Amarcord
Håkon Thelin
Oskar Braatens gt 4
0474 Oslo

Telefon 95247305
Epost thelin_h@hotmail.com
 
oibbinadocS